Lincoln University, New Zealand

Navn: Elin Walaker Lunde
Alder: 23
Klassetrinn: 4
Utvekslingsår: 3
Sted: Lincoln University
Antall semester: 1
Retning: Vatn- og miljøteknikk

Hvor valgte du å dra på utveksling og hvorfor?

Eg valte å reise til New Zealand fordi eg ville oppleve noko heilt nytt, og lenger vekk frå Norge enn NZ kjem ein nesten ikkje. Eg hadde også pratt med andre som hadde vore her, og dei sa det var fantastisk natur og godt miljø på skulen, så det gjorde valet endå lettare. For meg var opplevelsane i området og naturen rundt det viktigaste, og NZ er definitivt ei øy som har mykje å by på.

Hvordan var det å organisere utvekslingen?

(Med tanke på søknadsprosessen, valg av fag og veiledning fra NMBU.) Søknadsprosessen var ikkje så vanskeleg som eg frykta. Ein får god hjelp frå SiT, og universitetet i NZ var svært behjelpelege på mail. I tillegg har dei ei god heimeside som gjer det enkelt å finne fag.

Hva var det beste med din utveksling?

Det beste var alle dei flotte opplevelsane og turane ein deler med nye vener. Eg kjøpte bil ilag med ei frå Tyskland, og saman med andre internasjonale reiste me på tur nesten kvar helg! Ved å reise på utveksing blir ein kjent med folk frå mange ulike kulturar, og det er veldig spennande.

Hvorfor anbefaler, eventuelt anbefaler du ikke å dra på utveksling?

Eg anbefalar på det sterkaste å reise på utveksling. Du lærer ekstremt mykje om deg sjølv, og korleis ein tilpassar seg eit heilt nytt miljø. Du får mange nye vener og opplevingar for livet. Og i tillegg blir ein jo kjempegod i engelsk!

Hva var skolen du var på, spesielt gode på?

Lincoln University er mest kjent for landbruksfag, men dei har også mange andre retningar som td. økonomi og landskapsarkitektur.

Opplevde du problemer eller vanskeligheter tilknyttet din utveksling?

Litt utfordringar her og der må ein belage seg på, men det skal seiast at Lincoln University er veldig flinke til å ta i mot og legge til rette for utvekslingsstudentane sine.

Måtte du endre din studieplan for å dra på utveksling?

 Nei, det måtte eg ikkje.

Ble studietiden din forlenget som en følge av utveksling?

 Nei.

Hva er det ved utvekslingen som har vært mest givende for deg?

Definitivt alle dei flotte opplevingane med nye vener, og at eg er blitt superkomfortabel med å snakke engelsk.